Ein mann i 40-åra må møte i retten i Volda. Der er han tiltalt for grov kvitvasking.
Ifølgje tiltalen skal mannen ha fått inn fleire hundre tusen kroner på kontoen sin, før han skal ha overført dei vidare til andre personar i Norge og utlandet.
Pengane skal ha stamma frå straffbare handlingar.
Saka går for tingretten i februar. Det er politiadvokat Sander Brink som skal vere aktor, mens Jørund Knardal er forsvarar.
Kva betyr mistenkt, sikta og tiltalt? Vis mer ↓ Mistenkt : Ei etterforsking i ei straffesak startar ofte med at ein person får status som mistenkt i saka. Dette er ikkje nokon formell status som gir den mistenkte større rettigheiter enn frå før.
Sikta: Ein person mistenkt for å ha gjort lovbrot kan få juridisk status som sikta på forskjellige tidspunkt under etterforskinga av ei straffesak (til dømes får alle som varetektsfengslast status som sikta). Ein mistenkt får status som sikta når «påtalemakta har erklært ham for sikta eller når forfølging mot ham er innleia ved retten eller det er bestemt eller gjennomført pågriping, ransaking, beslag eller liknande forholdsreglar retta mot ham»(straffeprosessloven § 82).
Siktingar kan fråfallas under etterforskinga slik at personen ikkje reknast som sikta ved avslutta etterforsking. Ein mistenkt får ikkje status som sikta ved at det gjennomførast hemmelege etterforskingsskritt som til dømes kommunikasjonskontroll mot vedkomande.
Tiltalt : Når etterforskinga er ferdig, tek politiet ut tiltale dersom dei meiner dei kan bevise for retten at personen er skuldig. Tiltalen sendast til retten og får ein dato for rettssak.
Status som sikta og tiltalt gir i mange tilfelle rett til forsvarar på det offentlege sin kostnad.
Kilde: domstol.no
Unge jenter blei trudd i retten: – Det nyttar å seie frå Nyhetsstudio