Verdsvant kar: Peter Forde står her ved motorsykkelen han reiser rundt på, den tredje han har hatt sidan han først byrja å køyre rundt om i verda på to hjul. – Eg er heldig som får gjere akkurat det eg vil, når eg vil. Motorsykkelen gir meg ein enorm fridom – eg lever ut ein stor draum, seier Forde. Tysdag denne veka overnatta han i Brandal, på veg gjennom Norge. Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll.

Peter har reist verda rundt på to hjul i ni år: – Brandal er vakkert

Newzealendaren Peter Forde selde livsverket, blei økonomisk uavhengig, og køyrer no verda rundt på motorsykkel. Nyleg leigde han eit hus i Indredalen i Brandal for ei natt. – Det er noko unikt med denne plassen, og Norge som land, seier Peter.