Ved 01.45-tida natt til onsdag avslutta politiet ein fest i ein privat bustad i Hareid-området.
– Naboane klaga på rop og skrik. Dei aktuelle deltakarane avslutta sine aktivitetar, og natteroa senka seg, opplyser operasjonsleiar Ole Bjørn Harang i Sunnmøre politidistrikt.
Bråk var det også i Ålesund. Ved midnatt undersøkte politiet meldingar om bråk og roping i sentrum.
– To menn i 30- og 40-åra var betydeleg rusa, opplyser politiet.
Begge vart køyrt til legevakt for kontroll, før den eine vart sett i arresten for vald mot politiet.
I Ørsta tok politiet hand om ein rusa mann i 20-åra, han fekk pålegg om å halde seg i ro resten av natta.
Og tidleg onsdag morgon fekk politiet tips om ein rusa person som låg og sov på fortauet i Ørsta sentrum.
– Politipatruljen vekker og sjekkar personen – blir køyrt heim, opplyser politiet.