Stryn Rando 3000 er ein konkurranse der det handlar om å gå raskast over sju fjelltoppar, til saman 3.000 høgdemeter, på randoneeski.

– Vi går høgt ut og seier at vi skal vere det råaste randonee-arrangementet i Skandinavia, seier Johan Olai Svidal, på vegner av arrangøren.

18. mars

– Tilbakemeldingane fra i fjor var udelt positive både frå amatørar og konkurranseløparar. Arrangementet i år går i dei same spektakulære omgjevnadene med alpine fjell og utsikt til fjord og bre i det lett tilgjengelige området rundt Stryn Vinterski, seier Svidal.

For alle

Løypa med 3.000 høgdemeter er eit solid utfordring. Men arrangørane vil gjerne ha med vanlege mosjonistar også, og har eit meir overkomeleg alternativ.

– Både amatørar og konkurranseutøvarar  skal kunne få ei fantastisk oppleving ved å delta på arrangementet, seier Svidal.

I tillegg til sjufjellsvarianten er det ein turklasse med fire fjelltoppar og 1.600 høgdemeter over 18 kilometer. Her er det tidtaking, men ikkje konkurranse.

NM

Stryn Rando 3000 er NM-distanse og har berre konkurranseklasse. Løypa har sju fjelltopper, 3.000 høgdemeter, og ein distanse på 26 kilometer.

– Her må ein være i god form for å delta, sier Johan Olai Svidal.

Og det kan vel kallast eit understatement.

foto
I år får Stryn Rando NM- status Foto: Ole Eltvik