Det brenn ved ei hytte på Bergslettene ved Bergsvatnet i Høyanger. Hytteeigarane dreiv med bråte brenning nær hytta, og som følgje av dette tok hytteveggen fyr. Politi og brannvesen fekk melding om brannen kl 12.20.

- Ein vedstabel tok først fyr og brannen spreidde seg til hytteveggen, seier Jan Gunnar Holvik, vaktleiar ved Alarmsentralen 110 for Sogn og Fjordane.

Brannvesenet var framme på staden kl. 12.33.

Røde Kors rykte ut

Hytta er på fjellet, og det er ikkje mogleg for bilar å ta seg fram til hytta. Røde Kors haldt til i ei hytte like ved, og dei rykte ut og henta brannmannskapet på snøscooter. Brannen er enno ikkje sløkt.

- Brannmannskapet held på å drage fram lageret med ved medan dei samstundes sløkker brannen. Dei har oversikt over situasjonen, seier Holvik.

Klokka 13.20 var brannen under kontroll. Brannmannskapet klarte å berge hytta.