Det har vore folkemøte på Godøya onsdag ettermiddag og kveld. Tema var informasjon knytt til den utbetringa av Godøytunnelen ein skal i gang med, etter planen med oppstart hausten 2017.

Det var stor interesse for møtet – rundt 150 personar møtte fram på Godøy bedehus.

– Godt samarbeid utgjer ein stor forskjell

– Håpet er å få innspel og spørsmål. Det utgjer ein stor forskjell om vi får til eit godt samarbeid, sa Giske-ordførar Harry Valderhaug, då han innleia møtet. I tillegg til representantar frå kommunen var både Statens vegvesen som skal utbetre tunnelen, oppdragsgivar Møre og Romsdal fylkeskommune og nærmiljøutvalet representert.

Oppstart neste haust

Møtet var lagt opp med ein informasjonsdel først, etterfølgt av spørsmål frå publikum.

Under den første delen orienterte prosjektleiar Ole Kristian Birkeland i Statens vegvesen om utbetringsplanane både for Ålesundstunnelane og Godøytunnelen.

– For begge dei to er planen oppstart hausten 2017, men medan vi reknar med å halde på i eitt år i Ålesundstunnelane vil vi nok trenge halvanna år på Godøytunnelen.

– Det blir ein trasig periode med langvarig arbeid, men trøysta er at det blir bra til slutt. Når det gjeld Godøytunnelen blir det mest som å pusse opp eit hus fullstendig, der berre reisverket og golvet står att, sa han mellom anna.

Kun nattarbeid i Ålesundstunnelane

På møtet vart det presentert fleire forslag til løysing for trafikkavvikling og arbeidstid for begge tunnelsambanda i utbetringsperioden.

Medan ein ser føre seg nattarbeid i Ålesundstunnelane, er planen arbeid både dag og natt i Godøytunnelen, med unntak av natt til søndag.

Når det gjeld Ålesundstunnelane er forslaget nattarbeid ti timar, seks netter i veka (ikkje natt til søndag). Her ser ein føre seg kolonnekøyring, men også hurtigbåt med bussforbinding i tida 20-06. Frå 06 til 20 er forslaget fri ferdsel, men med redusert fart.

Arbeid heile døgnet i Godøytunnelen

For Godøytunnelen, der Vegvesenet meiner det er nødvendig med arbeid både dag og natt for å bli fortare ferdig, er forslaget meir omfattande:

Med arbeidsfri natt til søndag også her er forslaget frå Vegvesenet heilt stengt tunnel i tida klokka 20-05. Etter dette ser ein føre seg kolonnekøyring med stadig hyppigare frekvens: Frå to kolonnar i tida frå 05 til 07, til fire frå 07 til 08.30. Vidare lågare frekvens – tre kolonnar i tida 08.30-15.30, seks kolonnar i rushtida 15.30-17.30, og avslutningsvis to kolonnar frå 17.30-20. Forslaget inneber også både hurtigbåt og buss, utan at ein førebels har landa på ei bestemt løysing.

– Både når det gjeld hurtigbåt og buss vil det bli sett ned ei arbeidsgruppe. I tillegg til kommune, vegvesen og samferdsavdelinga i fylket vil også nærmiljøutvalet på Godøya vere representert, sa Svein Ivar Aarskog i samferdselsavdelinga i fylket.

Spørsmål frå salen

Etter delen med orientering vart det opna for spørsmål frå salen. Og, vart det understreka fleire gongar, desse spørsmåla og innspela er viktige. Etter møtet vil det i tillegg bli sendt ut ei spørjeundersøking for å kartlegge reisevanane til folk.

Her er noko av det salen ville ha svar på eller ha sagt:

- Er ferje til Ålesund frå Godøya eit alternativ i perioden?

Dette ga prosjektleiaren langt på veg svar på i orienteringa si: Vegvesenet har vurdert ferje frå Godøya til Valderøya som einaste alternativ, men ser ikkje på dette som noko godt alternativ.

– Er det mogleg med ei siste kolonne seinare enn klokka 20?

– Har ein tenkt på tryggleiken til barn på Giske? Det vil tidvis bli lange køar på hovudvegen i samband med kolonnekøyringa.

– Hugs å ta omsyn til treningstidene til idrettslaga når de skal bestemme tidene for kolonnekøyring.

– Kan de samordne kolonnene for Ålesundstunnelane og Godøytunnelen, slik at ein slepp å stå lenge i kø på begge sambanda?

– Det er ikkje berre utrykkingskøyretøy som må kunne passere utanom kolonne og når det er nattestengt. Også veterinær må kunne kome til og frå. Vi er mange som driv gard her.

– Vi tar alle innspela vi har fått i kveld med oss vidare i arbeidet vårt, saman med spørjeundersøkinga, seier ein godt nøgd prosjektleiar Ole Kristian Birkeland etter møtet.

Fylkestinget vedtok i juni å utbetre Godøytunnelen for 360 millionar kroner. Tunnelen får:

  • Heilt nytt elektroteknisk utstyr.

  • Ny vatn- og frostsikring i 70-80 prosent av tunnelen.

  • Havarinisjer og snunisje.

  • Nye større tekniske bygg, med nye trafoar.

  • Kameraovervaking (AID) og betre belysning.

  • Gjennomgåande betongrekkverk gjennom heile tunnelen.