Den vitale 87-åringen stal showet på Næringskonferansen Søre Sunnmøre i Ørsta torsdag. Den tidlegare statsministeren vart introdusert som «Landsfader», og ein fullstappa kinosal på Kulturhuset fekk ein historieleksjon om samfunnsøkonomi. Og sjølvsagt hadde han ein kommentar til dei depressive tidene i økonomien.

– Samandraget av min lærdom som samfunnsøkonom og politikar er at Gud held si hand over Norge, sa Willoch, og la til.

– Men han kan jo bli lei av det.

Willoch kom til sine eigne. For han har røter i Hjørundfjorden.

Er fjerdedel sunnmøring

– Eg er ein fjerdedel Sunnmøring. Og det er denne fjerdedelen som har gjort det største utslaget, hevda Kåre Willoch.

Han hadde også ein kommentar til den politiske situasjonen i USA, som han fryktar utviklar seg i same retning som mellomkrigstida, med proteksjonisme.

– Folk er misnøgde med eliten. Dei blir rasande og stemmer på den første gale mannen som er der, sa han.

Han tala varmt for behovet for private bedrifter, men då han kom inn på løysingar på dei utfordringane verda stor overfor trekte han fram miljøpolitikk som nummer ein.

Avgifter verkar på miljøet

– Vi må ha ein overgang til ein rasjonell miljøpolitikk. Her er vi ikkje noko føregangsland i Norge. Og det som verkeleg verkar på miljøet er avgifter, sa Kåre Willoch.