Med Tresfjordbrua følgde det også midtdelar på E136 på Vikebukt. Dette har ikkje alle fått med seg, skriv Bygdebladet.

Fleire har gammal vane svinga til venstre og dermed blitt fanga i venstre køyrefelt med trafikk imot.

– Vi har fått eit par telefonar frå bilførarar som fortel at dei har opplevd bilar kome mot seg i feil køyrefelt, seier prosjektleiar for Tresfjordbrua, Halgeir Brudeseth, til Bygdebladet.

Bilar som skal inn på europavegen må alltid køyre til høgre. Dei som skal i andre retninga må først under europavegen før dei kan køyre innpå.