Ein bil køyrde utfor vegen i Stranda natt til fredag.

Politiet fekk melding om trafikkulukka klokka 01.25.

- Føraren vert no sikta for å ha køyrd i rus, seier operasjonsleiar Johan Arnt Overøye til smp.no.

Utforkøyringa skjedde på Fylkesveg 81, på veg til Engeset. Personen vart ikkje skadd i utforkøyringa, ifølgje politiet. I tillegg til politiet, rykte Stranda brannvesen ut på ulukka.