– Eg hadde vel kome til Flåvær, men ikkje lenger, seier Ragnar Thorseth på telefon torsdag morgon.

I staden ligg han og ventar på betre vêr. Og det gjer han heime på Torsethøgda i Herøy. Sjå oppdatert vêrvarsel for Stadhavet

– Eg sat på romaskina tidlegare i dag, og no har eg tatt 79 sit-ups, fortel Thorseth då Sunnmørsposten ringjer han klokka 09.15. På latsida ligg han altså ikkje.

Held løftet

– Det eg har lova er at eg skal ro frå Fosnavåg 10. juni klokka 12. At eg skal ro frå Utvær i Sogn 1. juli om vêret er bra. At eg skal til Shetland. Og vere tilbake i Fosnavåg 1. august klokka 12. Og dette skal eg gjere for årar, sa Ragnar Thorseth kvelden før avreisa.

– Men det kan vel bli ein del dønningar over Stad?

– Dønningar er ikkje noko problem. Det er motvind som er problemet. Sterk sidevind gir også ein del bølgjer som gjer det vanskeleg å ro effektivt.

God tidsmargin

Han meiner å ha tidsmarginen på si side denne første del av turen. Under gode vêrforhold meiner Thorseth å kunne greie 25–30 sjømil for dag. Då når han Utvær i Sogn på fire dagar.

– Ned til Utvær er det transport- og treningsetappe, seier Thorseth.

Planane

Dette er planane hans dei næraste dagane:

– Eg reknar med å starte heimafrå på laurdag, og nå Honningsvåg laurdag kveld.

– Måløy når eg tidlegast søndagskvelden, eller meir realistisk måndag. Så skal eg halde føredrag for Domstein Seafood, det blir kanskje tysdag.

Så reknar han med å bli i Måløy eit par dagar før han ror vidare.