Ifølge 110 Vest skal det ha oppstått brann i ein traktor i nærleiken av Nordfjordeid.

– Brannvesenet er på veg, opplyser redningsleiar ved 110 Vest.

Ifølge politiet er det snakk om brann i ein eldre traktor, og dei avdramatiserer hendinga.

– Traktoren står 300 meter frå hus, og det er ingen personskader. Brann og politi er på veg, opplyser politiet.

Politiet fortel også at traktoren skal stå ved krysset Nordfjordvegen og Harpefossvegen.

Like over klokka 21 gir politiet ny status:

– Ikkje fare for at det skal spreie seg til skog. Traktoren står og går. Sløkking pågår.