Overlege Faris Salman Majeed og sjukepleiar Inghild Standal. Ålesund sjukehus markerte oppstarten av det nye tilbodet med kake sist fredag. Foto: Helse Møre og Romsdal

Helse Møre og Romsdal er blant dei første i landet til å screene for tjukktarmskreft. Målet er å oppdage kreften tidleg.

Alle kvinner og menn i fylket som fyller 55 år i løpet av 2022 vil få invitasjon til å delta.

– Vi er veldig stolte av at vi er eit av dei fyrste helseføretaka som tilbyr pasientar screening av tjukktarmskreft. Vi har etablert tilbodet to stader i fylket, ved Ålesund sjukehus og Kristiansund sjukehus, og våre spesialistar er klare til å følgje opp, seier administrerande direktør Øyvind Bakke i ei pressemelding.

Norge er eitt av landa i verda med høgast førekomst av denne kreftforma, ifølge Kreftregisteret. Meir enn 4.000 nye tilfelle blir oppdaga kvart år. I Norge er tarmkreft den hyppigaste kreftforma etter brystkreft, prostatakreft og lungekreft.

– Tjukktarmskreft har god prognose når ein oppdagar den tidleg. Problemet med denne forma for kreft er at ein kan ha få symptom eller ingen symptom i starten. Tarmscreening har til hensikt å fange opp dei som elles kan gå uoppdaga for lenge til at kreften let seg kurere, seier overlege Faris Salmar Majeed ved Ålesund sjukehus.

55-åringar vil få tilsendt informasjon og prøvetakingsutstyr i posten. Avføringsprøven blir sendt til analyse ved Akershus universitetssykehus, der dei analysere mengda blod i prøva. Om prøva er positiv, skal pasienten undersøkast med såkalla koloskopi.

– Om lag 60 av 1.000 personar som blir testa får påvist blod i avføringa og blir tilvist til koloskopi. Om lag halvparten av desse får påvist polyppar i tarmen. Det er utvekstar som er vanlege og som oftast godarta, men nokre få av desse kan utvikle seg til kreft. Dei fleste polyppane kan fjernast der og då, men i nokre tilfelle vil det bli behov for å kome tilbake for meir omfattande behandling, seier Majeed.