Laurdag føremiddag opplyste politiet at ein eldre mann var meldt sakna av familien i Sykkylven og politiet hadde sett i verk ein leiteaksjon.

Siste sikre observasjon av mannen var fredag kveld.

– Vi oppmodar folk som har observasjonar om å kontakte politiet, sa operasjonsleiar Roar Fylling.

Mannen var i slutten av 70-åra.

Innsatsleiar Christian Vegsund. Foto: CHRISTINE FOHLIN VERNELAND, Nyss

Innsatsleiar Christian Vegsund fortalde til lokalavisa Nyss at mannen sist var sett klokka åtte fredag kveld, og at han kunne ha gått langt.

Mange frivillige var med på leiteaksjonen,

Fleire hjelpekorps frå Røde Kors hjelpte til i leiteaksjonen. Det vart leita med hund og dronar.

Norske Redningshundar Møre og Romsdal var med på søket i Sykkylven, med 14 hundeekvipasjar.

Rundt klokka 14.00 laurdag. Politiet og hundepatrulje. Foto: CHRISTINE FOHLIN VERNELAND, Nyss