NAV-direktøren er uroleg for den kraftige auken i trygdesvindelen. Det har ho all grunn til å vere, og bør ha mange med seg. Verst råkar svindelen dei mange som er avhengige av dei same trygdene.

I fjor vart nær 1.500 personar melde for å ha svindla til seg til over 300 trygdemillionar. Aller størst er svindelen med dagpengar og arbeidsavklaringspengar. Heile 1.200 er melde for å jukse til seg slik trygd. NAV har aldri tidlegare meld meir trygdesvindel til politiet.Omfanget av svindelen er svært alvorleg. Dagpengar og arbeidsavklaringspengar skal hjelpe folk økonomisk når dei er blitt utan jobb. Dei fleste som er melde for svindel med desse ytingane, er personar som ikkje har opplyst at dei har inntekter ved sidan av trygda.

Sjølvsagt utgjer dei som lar seg freiste til å jukse til seg trygdepengar eit lite mindretal. I Møre og Romsdal vart 38 personar melde mistenkt for å ha svindla til seg 7,2 millionar kroner i fjor. I Sogn og Fjordane var talet på politimelde seks.

Samanlikna med at over 8.000 personar var mottakarar av arbeidsavklaringspengar ved årsskiftet, er dette små tal. Ei årsak til at fleire store saker hamnar på politiet sitt bord, er også at kontrollen med utbetaling av trygdeytingane er styrka. Likevel er dette svært skadeleg.Når folk som er fullt arbeidsføre forsyner seg av felleskaps-kassa på denne måten, går det minst like mykje ut over dei som er avhengige av desse ytingane. Velferdsordningane er tufta på tillit. Misbruk vil undergrave fellesskapstanken samstundes som det kan bidra til å gjere kvardagen vanskelegare den ærlege majoritet.

Enkeltpersonar er mistenkte for å ha svindla til seg sjusifra summar, heilt opp til 1,9 millionar kroner. I mange tilfelle er svindelen kombinert med svart arbeid. Vi snakkar då om grov økonomisk kriminalitet der skattesvindel går hand i hand med trygdesvindel.

Alvorlege brotsverk må etterforskast og førast for domstolane. NAV må saman med skattestyresmakter, politi og andre kontrollorgan gjere alt dei kan for å få bukt med svindelen. Det er positivt at kontrollordningane no blir styrka. Ein ting er omsynet til velferdsordningane. Endå viktigare er det at dei som treng trygdeytingane skal kunne ta imot dei med rett rygg.