Ordførar Håkon Lykkebø Strand (Frp) og Hans Kjetil Knutsen (Ålesundlista) har tidlegare gått hardt ut mot det dei kallar ei lobbygruppe for Møreaksen. No melder Ålesund kommune seg ut.

Det vedtok kommunestyret torsdag, med 38 mot ni stemmer.

Referansegruppa for E39 Ålesund-Molde har sidan 2014 samla ordførarar, toppbyråkratar i kommunane og fylket, Statens vegvesen og næringsforeiningar frå Molde, Aukra, Haram og Ålesund kommune.

Det er dagleg leiar i Møreaksen AS som leiar denne gruppa. Den har ingen formell avgjerdsmyndigheit.

Tore Johan Øvstebø (KrF) meiner det er viktig at Ålesund deltak i gruppa. Foto: Staale Wattø (arkiv)

Representantar frå Ap, KrF og Venstre stemte imot forslaget om å gå ut.

Tore Johan Øvstebø (KrF) sa i kommunestyret at fogderikamp ikkje har gitt Møre og Romsdal ei einaste krone i Nasjonal Transportplan.

– E39 Ålesund – Molde er ei svært viktig strekning, både for fylket og for byen Ålesund. Derfor er det viktig at vi deltek i referansegruppa og ikkje overlèt dette til andre åleine. Dette er eit forum der Ålesund sine behov og ønske også må kome fram, sa Øvstebø.