Det kjem fram i eit brev frå sjukehuset til Helsetilsynet, skriv Aftenposten.

I november 2022 vart Helseplattforma innført ved St. Olavs hospital i Trondheim, etter fleire rundar med utsetjingar. Innføringa var langt frå vellykka, og våren 2023 slo Helsetilsynet fast at problema med systemet er så alvorlege at dei truar tryggleiken for pasientar som skal få helsehjelp i Midt-Noreg.

St. Olavs hospital fekk i oppgåve å løyse fire sentrale problem med det omstridde systemet. Desse var knytt til talet på alvorlege hendingar ved sjukehuset, at journalsystemet låste seg når fleire brukte det samtidig, at talet på avviksmeldingar knytt til legemiddel var for høgt, og at det var manglande kontroll på systemdata, som førte til at sjukehuset mellom anna ikkje hadde rette tal for fødslar og abortar.

I brevet til Helsetilsynet skriv sjukehuset at « … til tross for feilretting og forbetring av systemet er ingen av dei fire områda som Statens helsetilsyn har kravd korrigerte, lukka, men det er sett inn kompenserande tiltak og lagt planar for vidare utvikling av løysinga».

Trass i problem og bekymringar har leiinga i Helse Midt-Noreg vedteke å halde fram innføringa av Helseplattforma på nye sjukehus frå 27. april.

(©NPK)