Det låg over 30 millionar kroner i potten i trekninga laurdag, i det som Norsk Tipping omtalte som «Gulltrekning».

Det blei til slutt fem vinnarar, som kvar kunne innkassere 5.504.745 kroner. Og blant dei, altså ein mann i 50-åra frå Stranda kommune.

– Kva? Er det mogleg? var mannen sin reaksjon overfor Norsk Tipping.

– Eg har levert same rekke i sikkert 30 år snart, og eg har håpt på denne telefonen i årevis, ler han vidare.

– Vi har gard, så vi har mykje å bruke premien på. No må eg ringe kona og resten av familien og fortelje det. Å, for ei glede! sa mannen, ifølge Norsk Tipping.

Kupongen var ein 10-ukers levert med mobilen.