Sjølv ikkje då pandemien herja som verst, var bedriftsleiarane på Vestlandet like pessimistiske som dei er no, heter det i ei pressemelding frå Sparebanken Vest.

– Nedgangen treff hardt på heile Vestlandet. Nedgangen treff små og store bedrifter, dei som eksporterer og dei som ikkje gjer det. Det er eit betydeleg fall for alle parametrar – etterspurnaden, investeringar, sysselsetting og lønsnemnd, seier Margunn Minne, konserndirektør for bedriftsmarknad i Sparebanken Vest.

Ho opplever at bedriftene no brettar opp ermane og jobbar for å skaffe oversikt.

– Det viktigaste vestlandsbedriftene kan gjere i krisetid, er å skaffe seg handlingsrom ved å sørge for å ha likviditet. Mitt råd er å ha god dialog med leverandørar og kundar, fakturer så snart du kan, og be om lengre betalingsfristar. Vi i banken kan gi gode råd for korleis bedrifta kan betre likviditeten og hjelpe med å få oversikt, seier Minne.

Konserndirektør for bedriftsmarknad i Sparebanken Vest Margunn Minne. Foto: Eivind Senneset

Bedriftene i Møre og Romsdal er dei mest pessimistiske.

Bedriftene er meir samde om korleis dei ser på dei neste seks månadane i dette kvartalet enn i førre. Til dømes så viser forventningsindeksen for bedrifter i Møre og Romsdal, som var meir positive i førre kvartal enn resten, eit fall på 12,2 poeng.

– Ei av årsakene kan vere at bedriftene i Møre og Romsdal tildlegare hadde ein fordel av lågare kostnader med straum enn bedrifter i dei andre regionane. Denne forskjellen ser ut til å ha blitt jamna ut i fjerde kvartal, seier Kjell Benson, leiar for Markets i Sparebanken Vest.

Leiar for Markets i Sparebanken Vest Kjell Benson. Foto: Hermann Øberg