Menn og kvinner skal bu fysisk skilde på krisesenter, men det har dei ikkje gjort på Sunnmøre, skriv NRK Møre og Romsdal i ein artikkel.

Etter lova skal kvinner og menn bu fysisk skilde frå kvarandre, men mennene som har fått plass på krisesenteret i Ålesund bur då i same bustad som kvinnene, og kan fritt bruke kjøkken og fellesareal.

På Sunnmøre har dei ikkje dispensasjon for å huse menn og kvinner saman. Difor er dette meldt som avvik til Statsforvaltaren.

Seksjonsleiar i Ålesund kommune, Vivian Dyb, seier at dei arbeider for å finne ei løysing.

– Det er jo eit lovbrot og det er vi heilt ærlege på, seier Dyb til NRK. Det har budd cirka 10 menn på krisesenteret i år.