Arne Børke (t.h. bak) meiner vi ikkje veit nok om samanhengen mellom samlivsbrot og selvmord. Børke leier organisasjonen Mannsforum og er eitt av dei 17 medlemmene i mannsutvalet. Framme t.v. likestillingsminister Anette Trettebergstuen ved sida av utvalsleiar Claus Jervell. Foto: Ole Berg-Rusten / NTB / NPK

482 menn tok livet sitt i Noreg i fjor, ifølgje tal frå Folkehelseinstituttet (FHI). Det utgjer 73 prosent av dei 658 sjølvmorda, viser FHIs dødsårsakregister.

Det høge talet og den skeive kjønnsfordelinga gjer at sjølvmordsstatistikken ofte blir trekt fram som eit døme eller symptom på utfordringane til menn

– Dette er ein av statistikkane som menn toppar, og som er svært alvorleg, seier likestillingsminister Anette Trettebergstuen (Ap) til NTB.

Men på spørsmål om ho har ei forventning om at utvalet skal komme med forslag til korleis det skal løysast, svarer ho ikkje eit eintydig ja.

– Utvalet er sett saman av folk med ulik bakgrunn og kompetanse, også på helse. Eg har stor tru på at perspektiva vi treng å dra i inn, vil bli dregne inn. Utvalet skal ikkje sitje innestengt på eit rom, dei skal også hente kunnskap, seier ho.

– Det er eit komplisert område, konstaterer den ferske utvalsleiaren Claus Jervell.

– Eg vil tenkje at det er viktig å gå inn og finne ut om det er noko her som kan gjerast på ein annan måte, seier han.

Både familieliv, einsemd og psykisk helse er blant temaa mannsutvalet skal sjå på det neste halvtanna året. Men regjeringa har gitt dei fridom til sjølv å prioritere kva dei vil dykke ned i.

– Handlingsplanen ikkje god nok på kjønn

Ein av dei som sit utvalet, er Are Saastad, dagleg leiar i Reform – ressurssenter for menn. Han håpar dei kan komme nærare eit svar på kvifor menn er så overrepresenterte i sjølvmordsstatistikken.

– Det er laga ein handlingsplan mot sjølvmord som etter mi meining ikkje er god nok til å sjå kjønn, seier Saastad, som sjølv har bakgrunn som psykiatrisk sjukepleiar.

Men det er komplisert, medgir han.

– Vi ser på kva som gjer at menn tek livet sitt. Veldig ofte skjer det heilt utan forvarsel. Det kan vere unge gutar som den eine dagen er vellykka og den neste går og hengjer seg eller skyt seg i skogen. Det er ting vi ikkje veit kva kjem av. Også for eldre, gjerne over 80 år, er sjølvmordshyppigheita veldig mykje høgare for menn enn for kvinner, seier Saastad.

Han nemner utanforskap og einsemd, mellom anna for barnlause, som ei av utfordringane menn opplever, og som han meiner får for lite merksemd.

Samlivsbrot og kriser

Arne Børke frå organisasjonen Mannsforum meiner vi veit for lite om samanhengen mellom sjølvmord, samlivsbrot og familiepolitikk. Han håpar utvalet vil be om meir forsking på området.

– Vi i Mannsforum opplever å bli kontakta av mange menn i livskrise. Det er i all hovudsak knytt til samlivsbrot. Vi har ei teneste som heiter Kamerathjelpen, og berre i Rogaland i sommar har vi hjelpt tre menn som har vore suicidale. Det er eit stort problem, seier Børke, som lenge har jobba for å sikre at fedrar får behalde kontakten med barna etter eit brot.

Han meiner det er «underkommunisert» korleis familielovgiving og fedrars oppleving av samlivsbrot heng saman med sjølvmord.

Mannsutvalet til regjeringa vart sett ned fredag og har i alt 17 medlemmer. Dei skal jobbe fram til våren 2024.

(©NPK)