Laurdag formiddag er det klart for toppturrennet Stryn Rando. Det handlar om eit skimaraton i ei løype med mykje opp og ned, der deltakarane har alpinutstyr (randoneeski).

I videoklippet øverst kan du sjå løypeprofilen for den lengste utgåva av rennet, henta frå arrangøren sine heimesider.

Det er også ei turklasse med 1.500 høgdemeter over fire fjell. Begge traseeane har start og mål ved Stryn skisenter. Arrangørar er Svedje og Fjell, saman med Stryn Turn & IL og Stryn Vinterski.

- Dette er  ein av dei råaste konkurransane i Norge, reklamerer arrangøren, som også melder om at forholda i fjellet er bra.

(Framhald etter biletet.)

Ski-maraton Arrangørane av Stryn Rando i gang med å merke løypa tidlegare i veka. Foto: Heimesida til Stryn Rando 3000

Se video: Toppturfestivalen High Camp Sunnmøre

- Inspirasjonen er henta frå tradisjonsrike Patrol des Glaciers i Sveits. Det er fleire slike renn, men i Norge er det ikkje mange som har med så mange toppar, høgdemeter og med så krevande teknisk løype, skriv arrangøren på sine heimesider.