«Tidlegare skulebygg på romsleg tomt til sals» reklamerer Sykkylven kommune.

Med eit prisforslag på 500.000 kroner forsøker kommunen igjen å få selt det 600 kvadratmeter store skulebygget i Ramstaddalen. Dermed slår dei av 300.000 på prisen. Den eldste delen av skulen er frå 1954. Tomta er på knappe tre mål.

Nyleg la kommunen også ut gamleskulen i Hundeidvik til sals igjen, til redusert pris.  Verditaksten er 1,6 millionar, men prisforslaget også her er berre 500.000 kroner.

Gamle Hundeidvik skule. Foto: Sykkylven kommune

– Det har vist seg at vi ikkje har klart å selje det. Derfor har vi justert prisen ned i håp om å kome fram til eit sal, seier Oddmund Grebstad i kommunen.

– Lokale grendelag har ikkje sett lokala som tenleg for deira aktivitet, legg Grebstad til.

Særleg legg han inn eit godt ord for gamle Hundeidvik skule.

– Skulen ligg fint til ved inngangen til Hjørundfjorden. Men ein må jo samtidig ha bruk for den, seier Oddmund Grebstad i kommunen.

I februar la Sykkylven kommune ut for sal gamle Jarnes barnehage. Den er no selt. Gamleskulen på Jarnes vart ikkje selt og skal rivast.