Bilen han køyrde gjekk rundt på vegen og hamna på taket, opplyser politiet i Sogn og Fjordane. Det er store skadar på bilen. Føraren var åleine i bilen.

– Dette blir etterforska som ei ulukke med personskade, seier Bjarte Engevik, vakthavande operasjonsleiar hos politiet i Sogn og Fjordane.

Ulukka skjedde på fylkesveg 60 ikkje så langt frå Loen. Engevik seier at det er for tidleg å vite kva som var årsak til ulukka.