Fleire huskar nok stuntet til Robin Halsebakk i fjor sommar, då han sykla Norge på langs og samla inn pengar til kreftsaka.

Denne sommaren får Sølvtrans-medarbeidaren hjelp frå kollega Petter Gunnarstein når han sett seg i robåt for å ta sjøvegen frå Trondheim til Ålesund. Målet er å samle inn pengar til kreftsaka og slå fjorårets sum på over ein million kroner,  ifølgje Kyst.no.

Vil ha selskap undervegs

Dei to karane har planlagt å segle frå trønderhovudstaden 23. august der fiskerimessa Nor-Fishing vert arrangert, og vere framme i Ålesund fredag 31. august. Dei oppmodar folk om å ro ei etappe saman med dei.

– Dette er i år, som i fjor, vårt felles prosjekt og vi håpar næringa igjen kan samlas rundt et slikt godt formål. I år blir det meste utfordrande trur vi. Mykje er avhengig av veret, men vi skal alltids komme oss i mål. Vi er svært spente på deltakinga, seier Robin Halsebakk til nettstaden.

Undervegs skal det vere ulike type arrangement og dei oppmodar folk om å vere kreative slik at det kan bli samla inn mest mogleg pengar. Dei har allereie fleire lokale firma i tillegg til Nordea-banken, som sponsorar for robåten.

(saka held fram under)

Ulik opplading

Robin Halsebakk og kollega Petter Gunnarstein har begge eit spesielt forhold til kreftsaka og Halsebakk fortalde i fjor at han vart motivert av prosjektet fordi folk i familien har vore råka av sjukdomen. Dei to har vorte gode vener etter fjorårets sykkeltur der sistnemnte var sjåfør. Halsebakk seier han har trena ein del for å førebu seg best mogleg for den strabasiøse turen langs kysten. Gunnarstein er på si side sjølvutnemnt bubilkonge og treng etter sigande ikkje meir enn ei veke til å trene seg opp.

– Han er erfaren, eg er uerfaren, så han meiner det vegar opp, seier Halsebakk.

Tradisjonsrik båt

Dei to legg ut på tur i samband med at Sølvtrans-reiarlaget døyper sin nyaste brønnbåt frå Aas Mek Verksted torsdag 23. august.

Ferda går sørover langs kysten med ein spesialbygd Åfjordsbåt laga ved Båtskott Trebåtbyggeri på Stadsbygd. Båten er ein eldre type som kallast for «seksring», fordi den har seks årar.