Rektor seier skulen tek problema alvorleg.

– Eg vil påpeike at dette ikkje er aktivitet frå ein gutegjeng. Dette er einskildepisodar over tid, seier Øystein Jarl Johansen, rektor ved Ulstein ungdomsskule.

Sunnmørsposten har vore i kontakt med foreldre til elevar ved Ulstein ungdomsskule som reagerer sterkt på framferda. I frykt for at borna deira skal bli mobba, så vil dei ikkje stå fram med namn.

– Det er heilt håplause tilstandar ved skulen, seier ein av foreldra til Sunnmørsposten.

Avføring på toaletta

Ifølgje foreldra har det blitt smurt avføring på toalett og tissa oppetter veggane på toaletta.

– Det har vore einskildepisodar der det har vore tilgrising med tiss og avføring på toaletta. Dette er utidig for alle partar. Vi har ikkje forsøkt å dysse ned situasjonen, men inkludert foreldra til elevane tidleg, seier rektor.

Det har også vore episodar med mobbing.

– Når det har oppstått mobbing har vi handtert det så godt som mogleg, seier rektor.

Elevar blir oppmoda til å ta avstand frå oppførselen og seie frå til leiinga om dei opplever mobbing eller anna upassande åtferd.

– Vi ønskjer å frikjenne dei elevane som ikkje gjer noko gale og sørgje for at alle har det trygt på skulen, seier rektor.

Seksuelle tilnærmingar

Skulen har informert foreldra om einskildepisodar der gutane har utført samleieliknande bevegelsar, eller såkalla jokking på kvarandre i andre elevar sitt påsyn.

– Gutane jokkar kvarandre oppetter skapa, i sofaen og i gangane på skulen, fortel ein av foreldra Sunnmørsposten har prata med.

Rektor har ikkje sjølv vore vitne til hendingane. Han ønskjer at skulen skal setje tydelegare grenser for kva som er akseptabel oppførsel frå elevane.

– Denne type oppførsel blei tatt opp under informasjonsmøtet førre veke. Dette er noko vi i skuleleiinga tek avstand frå, seier han.

Det har vore haldt eit felles foreldremøte om situasjonen.

– Eg meiner det ikkje har vore behov for fleire møter før no, seier rektor.

Tjuveri

Elevane har også stole frå medelevar og skulen. Drikkevarer og mat har forsvunne frå kantina. Rektor syns dette er trist og negativt.

– Vi har hatt fleire av desse einskildepisodane i år enn tidlegare. Sidan dette ikkje er noko som har oppstått og så forsvunne av seg sjølv, ønskjer vi å ta tak i det, seier rektor.

Skulen veit ikkje kven som står bak all den uønska åtferda.

– Elevane er lojale og tystar ikkje på kvarandre. Aktiviteten skjer i det skjulte, og då er det vanskeleg å vite kven som står bak, seier han.

Skulen har samarbeidd tett med foreldra til elevane.

– Eg syns personalet har gjort ein god jobb med å handtere den uønska åtferda og vi har hatt god dialog med foreldregruppa, seier rektor.

Etter påske blir det sannsynlegvis fleire foreldremøte.

– Vi har planleggingsdag første veka etter påske. Vi kjem til å vurdere situasjonen vidare då, seier rektor.

Til notering:

I dagens papirutgåve av Sunnmørsposten skreiv avisa ved ein feiltagelse "Ulstein vidaregåande skule" istadenfor "Ulstein ungdomsskule" på framsida av papirutgåva. Dette er feil og det beklagar vi.