Det er spørsmålet dei som følgjer med på programserien «Skårungen» i NRK1 får svar på etter ti episodar.

Då skal det kårast ein vinnar. Ole Stavdal Vikenes frå Stordal kan sjølvsagt ikkje røpe kven som vann, men han kan fortelje om eit lofotfiske i ein storslegen natur.

– Dette var eit eventyr å vere med på. Vi opplevde svært mykje spanande under vegs. Alle 12 overlevde, sjølv om det til tider var så vidt. Og vi åt mykje fisk, ler 31-åringen.

Han bur i Oslo og driv nettstaden fiskeriportalen.no. Her sel han alt frå hanskar til vinsjar, alt det ein fiskar treng. Men sjølv har han knapt vore ute på fjorden i Stordal før.

– Eg vaks opp ved ei lakseelv, så det var der eg brukte å fiske, seier han.

Sjarken dei nytta under innspelinga heiter «Sandefjordjenta». Det synest Ole var litt av ein samantreff:

– Dama mi kjem nemleg frå Sandefjord, ler han.