«I dag kjente jeg på lykke igjen for første gang på 12 dager. Lykke over å være i live, lykke over å ha alle mine nærmeste tett inntil meg. Lykke over å kjenne sola i ansiktet og lykke over at det «aldri e so gale at det ikkje e godt for nåkke!».

Orda står på Sigurd Grovens Facebook-side 25. juni 2015. Ei oppdatering etterfølgt av tre foto. Av sonen Amund, som gir pappa ein klem. Ein augneblink med kona på fanget. Og eitt av Sigurd åleine. Med ryggen til fotografen sit han i rullestolen og viser sigersteikn mot sola.

Fatal sykkeltur

– Det blir verre å klatre i tre, men utover det kan eg klare det meste, seier Sigurd smilande. Med alle hjelpemiddel og støtteapparat han har rundt seg, nektar han å sjå avgrensingane. Det viktigaste middelet til å oppretthalde eit fullverdig liv, er eigen styrke og trua på at det meste går.

(meir å lese under bildet)

Lidenskap Sykling har vore den store lidenskapen i fleire år. Bildet er frå ein nydeleg maidag på Mefjellet i Fjøra i 2013. Foto: Privat

Han skrur tida tilbake. Berre fire månader etter er det tøft å rippe opp i ulukka. Saman med gode kompisar er han på den årlege helgeturen til familiehytta i Vågå. Han ser fram til lange dagar med sosialt samvær og sykling på landeveg og i terreng, som har vore Sigurds lidenskap i mange år.

Etter å ha sykla på stiar i eit terreng Sigurd kjenner godt, avtalar dei å møte lokale stisyklistar laurdag 13. juni, for å teste ei ny nedkøyring frå høgfjellet til Lom sentrum.

– Eg hadde ein dårleg følelse den dagen. Køyrde uryddig, og hadde nokre fall. Underlaget vekslar, frå bert svaberg til ein kronglete skogssti dekt av nåler og kongler. Det er uvant. Sigurd ligg på hjul rett bak ein av dei lokale syklistane. Stien svingar krapt. Sigurd kjenner at sykkelen sklir. Han får ikkje kontroll på den. Ser eit tre kome nærmare. Rekk så vidt å tenke høgre eller venstre, før han ender midt på. Med hovudet først. Han høyrer smellet frå nakken. Skjøner straks at det er alvorleg.

Godt å vere heime

– 180 delt på 30. Kva blir det, spør Hanna. Familiens 10-åring kjem til pappa med matteboka i handa. Storesøster Nora (15) trår til for å hjelpe. På kjøkkenet høyrest praten frå Sivert (7), Amund (9) og ein kompis.

(meir å lese under bildet)

Hjelpemotor Med eit enkelt grep kan ein montere sykkelfront på rullestolen. Denne har elektrisk hjelpemotor til å dra på i oppoverbakkane, men akkurat no er batteriet tomt. Foto: Nils Harald Ånstad

Det er godt å kome tilbake til familielivet på Skodje igjen. Samstundes er det mykje nytt Sigurd må venne seg til, etter han vart lam. Å overbringe den beskjeden til kona på telefon, var tungt. Men han var fast oppsett på at Lene ikkje skulle høyre det frå nokon andre.

– Der og då prøvde eg å vere rasjonell og roleg, men det vart mange tårer. Lene trøysta meg, og sa at dette skulle vi klare. Sigurd er uendeleg takksam for støtta han har fått frå kone, slekt og vener. Han er imponert over korleis barna har takla det. Sigurd smiler når han minnast sonen Siverts reaksjon, då barna kom for å besøke pappa på Ullevål.

– Han lurte på om vi kunne spele fotball igjen. Eg var vel litt tvilande, men då kom det kjapt frå Sivert: «Vi kan bruke ein mjuk ball. Og du kan vere keeper».

Stor støtte

Sonens reaksjon er malen for den positive haldninga familien har til situasjonen. Sigurd er lam frå brystet og ned, men hovudet og overarmane fungerer og styrken i nevane har delvis vendt tilbake. Han kan halde rundt barna sine. Meistrar dobesøk, dusjing og påkledning. Snart får han ein tilpassa bil, så han kan kome seg rundt på eiga hand. Med ein sykkelfront kopla på rullestolen susar han av garde i bygda.

– Eg vil helst klare alt sjølv, men eg ser at ved å takke ja til litt hjelp, så gjer det livet enklare for oss alle.

– Kvar gong du spør meg om hjelp, så blir eg glad, skyt Nora inn frå sofakroken. Ho ser det som sjølvsagt at ho hjelper til, og føler ikkje at ho har lagt om livet sitt.

– Eg har endra syn på ein del ting. Ting som eg før kunne bli sur for, har ikkje noko å seie lenger. Eg kan faktisk ikkje hugse sist eg krangla med foreldra mine, fortel Nora.

Omfamna Barna Hanna, Nora, Sivert, Amund og kona Lene slår ring rundt Sigurd medan han ligg på Ullevål og treng omsorg. Foto: Privat

Mor legg til at det er viktig at 15-åringen i huset får leve livet sitt som før. Samstundes har den nye situasjonen gitt henne ein ballast, noko å vekse på.

Familien Groven er overvelda over all hjelp også utanfrå. Middagar vert levert på døra. Vener og familie stiller opp på dugnad. Køyrer hit og dit. Etter over tre månaders rehabilitering på Sunnaas sykehus, kom han heim til eit hus der fleire tilpassa løysingar var på plass. Takka vere ein kronerullingsaksjon igangsett av ein kamerat, har dei fått 180.000 kroner i gåver.

– Det er heilt fantastisk! Rørande. Vi har god bruk for pengane, når huset må ombyggast.

Openheit

Sjølv om han belagar seg på eit liv i rullestol, ser han store mulegheiter.

– Eg liker ikkje omgrepet «lenka til rullestolen». Det går fint an å ha eit verdifullt liv likevel. Eg vil at folk skal sjå meg – ikkje rullestolen, seier 38-åringen.

For å avkrefte myter om ryggmargsskadde og lette på trykket, har han valt å vere open gjennom jamlege Facebook- oppdateringar.

Sigurd snakkar om intense frostkjensler og spasmer så kraftige at han er nær ved å bli skoten ut av rullestolen. Med humoristisk snert skildrar han korleis det er å få blæra si undersøkt med skumle instrument, medan halve Oslo ser på. Frå opptreninga på Sunnaas deler han oppturar.

Følelsen av å halde balansen sjølv utan å halde hendene i benken. Adrenalinkicket det gir å kome seg opp og ned frå ein 12 centimeter høg fortauskant. Han utelet heller ikkje dei tunge dagane, med tårer og uvisse om korleis han skal takle tilværet. Støtta frå familien er uvurderleg i dei svarte stundene.

– Eg har ei fantastisk kone! Det var nokon som sa til meg at eg burde blir årets forbilde. Nei, det burde Lene bli. Eg er så trygg på henne, og veit vi står i det uansett. Saman er vi sterke.

På andre sida

For ein mann som heile livet har vore vant til å trene hardt utan avgrensingar, er det tøft å omstille seg. Men han vel å fokusere på fordelane. Som fysioterapeut har han trent opp igjen mange. No kan han bruke erfaringane og kunnskapen til å motivere seg sjølv.

Før ulukka dreiv han sin eigen klinikk, Fysiotrimmen. No befinn han seg på andre sida av behandlingsbenken. Prosjekt: Halde fram rehabiliteringa av Sigurd Groven. Ifølgje Sigurd vert skaden definert som inkomplett, sidan han har litt følelse på baksida av eine låret og rumpa. Nokre stader på kroppen kan han kjenne at han vert tatt på, dersom det vert lagt litt kraft i berøringa. Samstundes er det ingen av musklane frå midten av brystet og ned som verkar.

Han vel å sjå realistisk på det, og reknar skaden meir som komplett.

– Eg er fast bestemt på at eg skal jobbe igjen, men det må skje på mine premiss. Eg har nok ikkje mulegheit til å ta på meg fysisk behandling i same grad som før. Men då får eg bruke meir verbal kommunikasjon og terapeuten i meg. Det å ha ein jobb har mykje å seie for livskvaliteten.

Erfaringane og det han har lært på Sunnaas vil han bruke til å motivere andre.Han er full av lovord over måten han og familien er blitt tatt vare på, både på nevrointensiven på Ullevål og på Sunnaas.

– Det betyr mykje for oss at heile familien fekk ta del i rehabiliteringa. Barna var med på så mange aktivitetar, at dei mest ikkje ville heim igjen, fortel ein takksam Sigurd.

Han er glad for at barna såg at han vart tatt så godt vare på, og meistrar mykje, sjølv om han sit i rullestol. Det gjorde dei trygge.

Friluftsliv

– Pappa, når skal vi køyre radiostyrt bil, undrar Sivert. Han er lovd ein tur på grusbana i dag, og gler seg til tid i lag med faren.

– Eg trur i alle fall han pappa kjem til å vinne, legg Sivert til.

Og får pappa til å smile. Det tok ikkje lang tid etter ulukka før Sigurd byrja å leggje planar om kva hjelpemiddel kan kunne skaffe seg, for både å trene seg opp og kome seg rundt.

Friluftsliv Fridomskjensla det gir å kome seg ut i naturen er uvurderleg for eit friluftsmenneske som Sigurd. Den nyinnkjøpte beltevogna tek seg fram i terrenget like godt på snø som når det er bert, kan forsere hellingar opp mot 60 gradar og har ei maxfart på 35 km/t. Turterreng og skiløyper ligg like utanfor stovedøra på Skodje. Kjem det snø, er han klar for å vere med familien på skitur. – Beltevogna er verdt kvar ei krone, og betyr veldig mykje for meg, seier Sigurd Groven. Foto: Nils Harald Ånstad

Han ventar i spaning på ein terrengsykkel med elektrisk hjelpemotor, som han brenn etter å teste ut. Gulrota er å få dra på fjelltur igjen med kompisane.

Terrengsykkelen representerer ikkje berre sjølvstende. Den står òg for eit vendepunkt. Då Sigurd hadde det som svartast, møtte han Gunhild Bottolfsen, brukarkonsulent på Sunnaas, ryggmargsskadd og hardare råka enn Sigurd.

– Gunhild har vore ein utruleg inspirasjon for meg. Eg såg plutseleg alt som var muleg!

No kan han mest ikkje vente med å teste ut aktivitetar. Piggkjelke om vinteren. Kajakk om sommaren. Bassengtrening året rundt. Rullestolbasket. Mulegheitene er mange.

– Eg klør i fingrane etter å bruke dei musklane som faktisk verkar. Og eg er veldig gira på å skaffe meg ting som gir meg glede.

Å sjå Sigurd koste av garde på ei motorisert beltevogn så grusen sprutar, vitnar om at fridomskjensle er avgjerande for å ha god livskvalitet. Med denne kan han kome seg ut i naturen saman med familien, sommar som vinter.

Lene viser fram nokre foto frå Vågå, der dei har byrja på arbeidet med å lage fast dekke og tilpasse hytta til det nye tilværet.

– Vi har alltid vore spontane, og kasta oss rundt for å vere med på ting. Det meste er framleis muleg å få til. Ein må berre bruke litt meir tid på det, er eit livsmotto Sigurd og familien aktar å leve etter.