Med parolar som «Vakn opp Norge» og «Ikkje knus familien – bygg opp» aksjonerte rundt 300 hundre menneske i Stryn for eit endra barnevern i Norge.

To sider

Det er fleire grunnar til at Stryn blei vald som aksjonsstad. Ein grunn er at kommunen bruker lite pengar på barnevern og at ein meiner dette er indikasjon på at noko er feil.

– Eg har full tillit til barnevernet i Stryn. Dei gjer ein kjempejobb. Dei har ein utfordrande jobb på alle måtar. Slike saker har alltid to sider, seier Stryn-ordførar Sven Flo og viser til at det er teieplikt i sakene og at ein berre får innsyn i eine sida gjennom media. Gjennom system for kvalitetssikring har Stryn ikkje fått tilbakemeldingar om at tenesta deira ikkje er god nok.

Tillit: Ordførar Sven Flo har full tillit til at barnevernet i Stryn gjer ein god jobb. Foto: Arkiv

God dimensjonering

– Men de bruker lite pengar på barnevern i forhold til andre?

– Alt er relativt. Lave kostnader er ikkje det same som at vi ikkje brukar pengar på barnevern eller ikkje brukar pengar på ein fornuftig måte. Vi har dimensjonert barnevernet slik vi meiner er rett ut frå saksgang, men det er alltid eit politisk spørsmål om å skru opp. Inntil vidare er dimensjoneringa god, meiner Flo.

– Fryktar du at fokus på Stryn i denne saka kan skade omdømet i reiselivssamanheng?

Sosiale media

– Nei. Eg kan ikkje sjå korleis dette kan skade oss. På sosiale media er det vinkla frå ei side, og barnevernet kan ikkje gå inn og argumentere. Det blir skeiv vinkling, sidan det ikkje er mogleg å kome med motargument, seier Flo.Han har tidlegare møtt fleire av kritikarane. Kommunen opna tidleg for dialog og har hatt fleire møte med enkeltpersonar og grupper. Også formannskapet har fått høyre problemstillingane.

Krev nasjonale endringar

– Vi har ikkje fått indikasjonar på at vi må gjere spesielle grep frå politisk hald, seier Flo.Han legg til at barnevernet er ei sak for administrasjonen i kommunen, og det vil alltid skje utvikling og forbetring her, som elles i offentleg forvaltning.

– Om vi skal ta grep rundt struktur, krev det nasjonale endringar. Då må regjering og Storting på banen, seier Flo.

Menneskesyn

Ei av dei som deltok i markeringa i Stryn er skuffa og overraska over at lokalpolitikarane ikkje stilte opp for å lytte til det dei som deltok hadde å seie.

– Alle har rett til å bli lytta til. Og du må lytte før du kan meine noko, seier kvinna som synest det er trist at mange har det ho kallar eit dømmande menneskesyn. Ho oppmodar til ikkje å dømme før ein har lytta til det som blir sagt.EU-parlamentarikar Tomas Zdechovsky frå Tsjekkia deltok på Skype. Han har engasjert seg i saka og sa mellom anna følgjande:

Uakseptabelt

– Nordmenn er kjekke folk og de har eit fantastisk land, men barnevernet gjer mange feil og det er uakseptabelt, sa han og la til at om det ikkje blir endring vil Norge få problem med omdømet.