Årsrapporten som vart lagt fram måndag viser eit såkalla rekneskapsmessig mindreforbruk på 177,2 millionar kroner. Fylket sit med andre ord igjen med 177,2 millionar kroner meir enn budsjettert.

Større inntekter

Resultatrekneskapen viser at kommunen har hatt 32 millionar kroner meir i frie disponible inntekter enn budsjettert.

Vidare viser rekneskapen av sektorane har brukt netto 184 millionar kroner mindre enn budsjettert, og av dette er 50 millionar kroner knytt til utdanningssektoren, medan 85 millionar kroner ligg til samferdslesektoren.

Mindreforbruket innan samferdsle er i all hovudsak knytt til lågare drivstoffprisar enn det som ligg inne i budsjettet.

Utdanning størst

Den største posten i rekneskapen er vidaregåande utdanning.

Denne sektoren i Møre og Romsdal fylkes- kommune hadde drifts- kostnader på 1.750 millionar kroner i 2016.

Samferdsel er nest største sektor med 1.492. millionar kroner.

Til saman utgjer utdanning og samferdsle 85 prosent av fylkeskommunen sitt drifts- budsjett.

Totale netto driftskostnader i 2016 var 3.816 millionar kroner.

Fryktar gjelda

– Trass i det positive rekneskapsresultatet, har fylkeskommunen ein krevjande økonomisk situasjon, seier fylkesrådmann Ottar Brage Guttelvik.

– Møre og Romsdal fylkeskommune har hatt eit høgt investeringsnivå over fleire år, som har ført til høg lånegjeld, aukande lånekostnader og press på drifta år for år. Det gjer at det må prioriterast grundig i aktivitetar og tenestetilbod dei komande åra. Mellom anna vil ferjefritt samband på Nordøyane og stort etterslep på vedlikehald innan samferdsel og skulebygg bli ei stor utfordring framover, strekar Guttelvik under.

Store investeringar

Møre og Romsdal fylkeskommune investerte for 869 millionar kroner i 2016.

Dette sende gjelda opp i 4,4 milliardar kroner, og gjelda vil halde fram med å vekse i åra framover med dei politiske vedtaka som er gjort med mellom anna ny Ålesund vidaregåande skole, og Nordøyvegen.