Stormaktene i Europa gjorde det klinkande klart for svenske styresmakter at noko krigseventyr for å straffe Norge for lausrivinga frå unionen ville dei ikkje vite av. Men dei som låg langs grensa med fingeren på avtrekkaren visste ikkje det.Det kunne sjølvsagt ha blitt krig, men i så fall ville det ha vore av rein vanvare. Blant dei 75.000 svenske og 35.000 norske soldatane som låg på vakt langs grensa med skarpladde våpen, kunne det ha vore ein som slumsa seg til å trykkje av. Det er ikkje sikkert at det skulle meir til, men heldigvis var disiplinen sterk nok og lysta på krig blant soldatane lita nok til at det gjekk bra.KrigshissingEtter at 7.juni-vedtaket om norsk lausriving frå unionen vart kjent i Sverige, vart det ei krigshissing utan like. Nå skulle nordmennene få svi. Kongen og kronprinsen var dei som prøvde å halde att. 21. juni hadde Riksdagen ekstraordinært møte og i talen sin der la kong Oscar II skulda for det som hadde hendt eine og åleine på Norge. Etter fleire dagars debatt vart det eit kompromiss som kravde at Norge måtte sette seg til forhandlingsbordet. Det skulle haldast folkerøysting i Norge om synet på unionen. Vidare skulle det opprettast ei nøytral sone på begge sider av grensa frå Halden til Kongsvinger, og alle festningar og forsvarsverk i denne sona skulle fjernast. I tillegg skulle flyttsamane sine rettar på begge sider av grensa sikrast.For Michelsen og for nordmenn flest var ei folkerøysting unødvendig. Alle visste at bortimot alle ville bli kvitt unionen. Folkerøystinga 13. august viste då også at 368.208 veljarar med røysterett sa ja og berre 184 sa nei. I tillegg var det 244.765 kvinner utan stemmerett som skreiv under på opprop der dei også sa ja til å gå ut av unionen. Meldinga var klar og tydeleg til både kongen og dei svenske styresmaktene, og det gjorde inntrykk.KarlstadSvenskane ville ha forhandlingane om oppløysingsvilkåra lagde til Stockholm, men det sa Michelsen nei til. Dermed vart forhandlingane lagt til Karlstad, nærare norskegrensa. 30. august reiste den norske delegasjonen til Karlstad med tog. Dei norske utsendingane fekk bu på det finaste hotellet i Karlstad, Stadshotellet, og Michelsen som hadde med seg tenar, fekk jamvel hotellets finaste suite. I forkant hadde det vore mykje taktikkeri frå begge partar og dei hadde sendt soldatar nærare grensa, men det var eit problem at korkje svenske eller norske styresmakter stolte heilt på krigsviljen til soldatane frå nabofylka Østfold og Värmland. Der var bånda for tette til at dei ville skyte på kvarandre. Difor vart soldatar importerte til grensa heilt frå Vestlandet og svenskane også henta tropper frå andre delar av Sverige. Dette var for å signalisere alvoret for forhandlarane som skulle møtast i Frimurerlosjens festsal i Karlstad. Nettopp for å unngå krig ved eit uhell vart statsministrane Michelsen og Lundeberg samde om at dei norske og svenske soldatane ikkje måtte kome nærare grensa enn ein kilometer. Det skulle vise seg at både svenske og norske offiserar var så krigslystne at dei etter kvart braut dette forbodet.Framifrå strategMange historikarar meiner at Michelsens innsats etter 7. juni er ein større historisk bragd enn 7. juni-vedtaket. Det var då han fekk vist sine strategiske evner fullt ut, og merkeleg nok var han aldri så frisk og utan nerveproblem som i dei fire-fem månadene på slutten av 1905. Svenskane kom til Karlstad-forhandlingane med eit folkekrav om at nå skulle nordmennene verkeleg få svi. Med list og lempe lykkast det Michelsen å moderere dei svenske krava. Kravet om å fjerne alle festningsanlegg i den nøytrale sona gjekk i utgangspunktet ut på at Norge også skulle øydelegge dei gamle festningsverka ved Kongsvinger og Halden som hadde stått der i mange hundre år. Dette sa Michelsen tvert nei til, og det vart brot i forhandlingane 7. september. Faren for krig hadde blitt så pass stor, meinte Michelsen, at han fann det rett å reise heim att for å orientere Stortinget. Det var mykje taktikk i dette også, for til svenskane sa han at han nå skulle «mobilisere kong Edvard». Med det meinte han at hans utsending Fridtjof Nansen nå skulle legge meir trykk på den britiske kongen om at han måtte be svenskane roe seg ned. Britane signaliserte at dersom Sverige ikkje bøyde unna ville den britiske regjeringa vurdere å godkjenne Norge som sjølvstendig nasjon. Både Frankrike og Russland sa klart ifrå om at krig på den skandinaviske halvøya var det siste dei ville ha.MobiliseringDå forhandlingane vart tekne opp att den 13. september, var situasjonen så kritiske at det vart sett i verk mobilisering. Den dagen var risikoen for eit varig brot i forhandlingane overhengande, men igjen var taktikaren Michelsen i sving. Mobiliseringa var vel så mykje for å forklare nordmennene alvoret som det var for å skræme svenskane. I Norge hadde ein nemleg overdrivne tankar om kor sterkt Norge kunne stå imot dei svenske krava, og folkemeininga gjekk nok i stor grad ut på at Norge i forhandlingane ikkje skulle vike ein tomme. Michelsen hadde avtalt med medarbeidarane i Norge om eit slags kodesystem som gjorde at han kunne drøfte taktikk og militære spørsmål på telefon. Han visste at svenskane sat og lytta, og ropte difor fleire gongar under samtalen at nå måtte dei som lytta sjå å legge på.SpionasjeUnionsstriden i 1905 var på mange måtar elddåpen for spionyrket både i Norge og i Sverige. Begge land sende spionar inn på motstandarens terriotorium. M.a. verva svenskane fem engelske offiserar som vart sendt til Norge under dekke av å vere turistar. Problemet var at engelskmennene ikkje kom seg til Norge før etter at turistsesongen var over, og dei reiste heller ikkje til dei typiske turiststadene, slik at dei ikkje var vanskeleg for nordmennene å forstå kva ærend dei var i. Også Norge sende militære forkledd som tollfunksjonærer, og noen var også utkledde som «velociped-turistar» (sykkelturistar). I memoarboka si «Bland kunger och kavaljerer i Värmland» skriv eigaren av Stadshotellet i Karlstad, der den norske delegasjonen budde, at under pausen i forhandlingane så var direktør Wilhelm Strandberg ved Restaurant Metropol i Stockholm på Stadshotellet for å feire barnedåp. Han budde då på det same verelset som den norske militærrådgivaren brukte å bu på. Strandberg drog ut ein skuff på skrivebordet på rommet, og der låg eit kart med nedteikna norske troppeplasseringar i grenseområdet. Strandberg droppa barnedåpen og tok toget til Stockholm, der han gjekk direkte opp på slottet til kong Oscar. Dette kartet er forklaringa på at den svenske statsminister Kr. Lundeberg på første møte 13. september slo i bordet og sa at han ikkje ville forhandle med løgnarar. Nordmennene hadde nemleg sagt at dei norske soldatane var lenger frå grensa. Det kom eit ultimatum frå svenskane den dagen, og Michelsen såg ikkje anna råd enn å akseptere. Direktør Strandberg vart dekorert med den kongelege Wasaordenen.Omstridd avtaleDen 23. september var avtalen i boks. Norge måtte gå med på å rive alle nye festningsanlegg i den nøytrale sona, men dei gamle festningane fekk stå. Då avtalen skulle signerast hadde Christian Michelsen gløymt sin signet (lakkstempel med initialane hans). Eit lyst hovud kom då på at den nyleg avdøde borgarmeisteren i Karlstad, Carl Moberg, hadde same forbokstavar. Hans signet vart henta og brukt til underskrivinga av avtalen (Karlstadkonvensjonen). Carl Moberg hadde vore ein ivrig forkjempar for at Sverige burde gå til krig mot Norge.Avtalen vart godkjent i begge land den 26. oktober 1905, og frå den datoen rekna også svenskane unionen for oppløyst. Oscar II endra valspråket sitt frå «Brödrafolkens väl» til «Sveriges väl». Mange nordmenn meinte at det var det valspråket han hadde levd etter heile tida. Oscar ba om å få det siste svensk-norske kongeflagget som vaia på slottet i Oslo. Det finst i dag på museum i Stockholm. I tillegg tømte kongen slottet i Oslo for ein stor del av møblementet, slik at når den norske kongefamilien skulle flytte inn så kom dei nesten til tomt hus.Karlstad-forliket vart sterkt kritisert i Norge. Kritikarane meinte Michelsen hadde gitt etter for mykje, men sjølv heldt han på at han hadde oppnådd det viktigaste: Lausriving frå personalunionen med Sverige utan at det vart løyst eit skot. Ettertida har gitt han rett i det. Grensefestningane er det ingen som har hatt bruk for. Avtalen vart då også godkjend i Stortinget med 101 mot 16 stemmer.