I Romsdals Budstikke (krev innlogging) torsdag stod det på trykk eit krast angrep frå ordføraren mot fylkesrådmann Ottar Brage Guttelvik.

– Han tek ikkje politiske vedtak om Nordøyvegen på alvor, han har ikkje til dags dato gjort det. Det er på tide fylkespolitikerne finn seg ein ny rådmann, seier Myklebust til avisa.

Les også: Rådmannen vil utsette Nordøyvegen

Les også: Tilbakeslag for Nordøyvegen

Les også leiaren: Kvileskjera må ikkje få lov å bli feilskjer

– Ja, eg står for det eg har sagt, sjølv om det kanskje er litt hardt. Men sidan dag ein har han motarbeidd prosjektet. Fylkespolitikerne har vedteke at det skal gjennomførast. Då er det hans jobb å setje det ut i live. Han har svikta totalt, seier ordføraren til smp.no og legg til:

Det har ikkje vore mogleg å få tak i fylkesrådmann Ottar Brage Guttelvik.

– Eg håpar fylkespolitikerne ikkje tek han på alvor. Vegen er prioritert på førsteplass.

Gjør som 23.000 andre - følg Sunnmørsposten på Facebook

Nødvendig veg

Ifølgje ordføraren trenerer fylkesrådmannen ein veg som er godt utreidd og som er nødvendig for næringslivet.

– Vi kan heller ikkje snakke om kommunesamanslåing med fastlandskommunar utan vegen, slår han fast.

Ifølgje Myklebust er investeringane til Nordøyvegen penger som ikkje kan brukast til andre prosjekt.

Smp.no har fleire gongar prøvd å kome i kontakt med Ottar Brage Guttelvik, utan å lukkast.

Les fleire nyhende her