Alle naudetatane rykka ut etter at det kom melding om et trafikkulukke i Vanylven tidleg onsdag, melder 110-sentralen for Møre og Romsdal på Twitter.
Ifølgje politiet var det snakk om ei utforkøyring ved Breiteig i Syvde. Bilen hamna i grøfta og ein person blei sett springande frå staden, melder politiet i Sogn og Fjordane på Twitter.
Mann teke av politiet
Kort tid etterpå kunne politiet meldte at ein mann var pågripen i nærleiken. Vedkomande skal ikkje ha vore skadd.
Ved 9.20-tida ville ikkje politiet seie noko om kva mannen har forklart, men mannen vert sett i samanheng med bilen som hamna utfor vegen.
Vedkomande blir framstilt for blodprøve, for å bringe på det reine om han er rusa.
Les fleire nyheiter frå Søre og Nordfjord på smp.no
Truleg ikkje andre involvert
– Vi har gjort søk i området og gjort noko etterretningsarbeid. Det gjer at vi er rimeleg sikre på at det ikkje har vore andre personar i bilen, seier operasjonsleiar Per Rimmen ved politiet i Sogn og Fjordane til smp.no.
Politiet har førebels ikkje fleire opplysningar om korleis utforkøyringa skjedde.
Dei mistenkjer ikkje at det har vore andre bilar innblanda i hendinga.
Smp.no følgjer saka