Trass i regn og kald vind blei Røde Kors feira på rådhusplassen i Ålesund onsdag. Astrid Overaa stod for opningstalen, og ordførar Bjørn Tømmerdal avduka den raude «samtalebenken» som skal flyttast rundt i byen.

Viktig å slå seg ned for ein prat

– I samband med feiringa har Røde Kors ein kampanje for å finne dei små enkle tinga som kan gjere verda til ein betre plass å bu i. Ein av dei tinga som blei foreslått var å sette ut ein raud benk som skal innvie til å slå seg ned og ta ein prat med medmenneske. Vi vil oppfordre alle til å «dra glidelåsen litt ned» og fortelje korleis det eigentleg står til, seier Astrid Overaa.

– Her kan ein invitere ein ukjent på ein kopp kaffi eller kanskje ta med nokon på eit første stemnemøte. Den alminnelege samtalen er utruleg viktig, og det er ei litt skremmande utvikling vi ser no at meir og meir skjer via data og sosiale medium. Viss yngstemann sitter på rommet og sender ei melding på Facebook til mor på kjøkkenet om å få eit glas sjokomelk, då er det gått for langt. Den gode samtalen kan ikkje skje på data, men på den raude benken kan det skje. Derfor er det fint at den kjem akkurat no, seier ordføraren.

150 vegar til eit varmare samfunn

Nokre av dei andre forslaga i kampanjen om 150 vegar til eit varmare samfunn var å smile til alle du møter, støtte ein veldedig organisasjon, vere saman med besteforeldra dine, snakk med ein som bur på gata, be nokon heim på middag, bli flyktningeguide, gi vekk frukt frå hagen din, køyre saman til jobben, bli besøksven med hund, gi bort klede og sportsutstyr du ikkje brukar, bli blodgivar, gi skryt til kollegaen din, og gi en high five til alle du møter.

Vi er alle søsken

– «Tutti Fratelli, vi er alle søsken» syng fungerande leiar i Ålesund Røde Kors, Solveig Kvangarsnes, til borna frå Midtbyen og Kvennaneset barnehage. Dei fekk førstehjelpskurs med den uheldige guten Henry, som alltid får litt småskadar her og der.

– Vi var kanskje ikkje så heldige med veret i dag, men vi vil vise at vi alltid er tilstade i nærleiken.

Elles på programmet vart det mini-teater som synte fram historia til norges Røde Kors på 15 minutt med Marianne Wikeby og Maren Handlykken, og det vart musikkinnslag med Richard Von Løwensprung og Per Gunnar Beyer.