Tre personar var involvert i ei ulukke på riksvei 15 ved Bryggja i Vågsøy. Ei kvinne omkom i ulukka. Kvinna var førar av den eine bilen. Politi, ambulanse, brannvesen og luftambulanse rykte ut til staden like før klokka 10. Samanstøyten skjedde i ei 80-sone.

Den andre bilen hamna på taket. Inne i bilen var det to personar. Begge blei frakta med luftambulanse til sjukehus i Førde og Ålesund. Føraren av bilen, ein mann i 40-åra, blei alvorleg skadd og frakta til Førde sentralsjukehus.

- Mannen er alvorleg skadd, men stabil. Han er nyleg operert og ligg på intensivavdelinga ved Førde sentralsjukehus, opplyser AMK Førde til smp.no.

Passasjeren i denne bilen blei frakta til Ålesund sjukehus. Vedkommande skal ikkje ha livstruande skadar.

Politiet opplyser at alle tre er utanlandske statsborgarar.

- Alle tre budde i Vågsøy kommune, seier Odd Arve Solvåg, operasjonsleiar ved Sogn og Fjordane politidistrikt.

Pårørande er enno ikkje blitt varsla.

- Sidan dei involverte i ulukka er utanlandske, vil det ta lengre tid å få varsla frå, seier Solvåg.

Var ikkje glatt

Det var ikkje is i vegbana der frontkollisjonen skjedde. Ei ulukkesgruppe blei sendt til staden og gjorde undersøkingar der.

- Vi veit ikkje årsaken til ulukka enno. Vi må etterforske ulukka vidare, seier Solvåg.

Riksveg 15 ved Bryggja blei stengd ein periode etter ulukka. Vegen blei opna igjen kl. 15.20.