– Mange av dei unge lurte på når det blir treff neste gong, fortel Leif-Inge Salte.

– Eg veit ikkje akkurat når, men at det blir fleire er heilt sikkert, legg han til.

Nytt tilbod

Salte hadde sett seg lei på at det mangla eit ungdomstilbod på Stranda til dei som ikkje er med på andre organiserte aktivitetar. For Stranda har ingen ungdomsklubb.

Difor fekk han med seg fleire bedrifter, og opna sjølv verkstaden sin. Han oppmoda ungdomane om å ta med seg køyretøy for ein vårpuss.

Leif-Inge Salte i verkstaden sin. Foto: Privat

– Og det var det fleire som gjorde. Ungdomane fekk også lære korleis ein tek vare på køyretøya, korleis ein polerer og korleis ein rettar ut bulkar. Og så var det god stemning med pizza og saft.

25 ungdomar

Salte seier at det var om lag 25 ungdomar som møtte fram.

Han vil no samarbeide med skulen og ungdomane sjølv for å finne nye aktivitetar.

– Mellom anna var det ungdomar som etterlyste eit olabilløp. Så det må vi få til.

Jakub Bronis vaskar den kvite mopedbilen. Foto: Privat