– Ein føresetnad for vidare satsing i Resett har vore rekruttering av ny ansvarleg redaktør med pressefagleg bakgrunn. Dette har dessverre ikkje late seg gjere innanfor dei gitte økonomiske rammene. Styret vel derfor å melde oppbod i selskapet i dag, onsdag 14.12, skriv styret i Resett.

– Ytringsfridommen og demokratiet, som allereie er under sterkt press i Noreg, blir ei stemme fattigare, skriv dei vidare.

Helge Lurås var ansvarleg redaktør i nettavisa før han fekk sparken i sommar. Dette skjedde som følgje av ein lengre konflikt i avisa.

Nettstedet er eigd av herøyværingen Petter Inge Remøy.

– I sommar fekk dåverande redaktør Helge Lurås sparken. I haust tok den utflytta herøyværingen Petter Inge Remøy over som eigar av 90 prosent av aksjane i avisa, skriv Vestlandsnytt.