Naudetatane rykte torsdag ettermiddag ut til ei trafikkulykke på Nordfjordvegen, ved Skavøypollen utanfor Måløy.

Eit barn vart påkøyrd av ein personbil, opplyste operasjonsleiar Steinar Hausvik i Vest politidistrikt til Sunnmørsposten. Barnet var vaken då naudetatane kom til staden, men utover dette er det ikkje gitt opplysningar om skadeomfang.

Barnet blei frakta i ambulanse til Førde, men det er uvisst om det er legevakt eller sjukehus. Barnet var saman med sin far, som også blei med i ambulansen.

Det var torsdag kveld ikkje gjort førarkortbeslag.