Det er ikkje utan grunn dørene på Atlanterhavsparken er låste - det er nemleg ikkje alle stadar det er like trygt å ferdast.

Smale bruer strekker seg over dei iskalde tankane med fisk – desse skal dei besøkande balansere over. Rett under føtene våre sym det kjempestore torsk.

-Det blir litt rart å plutseleg vere på andre sida av glaset, seier Sigbjørn Grinde. Døtrene Julia og Anna leier han i kvar hand. Familien har årskort, og er innom så ofte dei kan, men i dag er det litt annleis.

Jentene har fått fri frå barnehagen, og er klar for ein ordentleg ekspedisjon.

Svoltne kveiter og store torskar

Akvarist Rune Veiseth viser fram dykkarutstyret dei brukar når dei skal mate fiskane. Han held opp ei dykkarmaske.

- Før brukte vi berre dykkarbriller, men etter kvart vart kveitene så svoltne og torskane så store at brillene titt og ofte vart rivne av hovudet på oss – så no brukar vi masker som dekkjer heile ansiktet vårt, seier han og ler.

Vi går gjennom smale gangar, ut mot stortanken. Plutseleg er vi ute i vind og regn. No ser vi den største tanken ovanfrå. Det er frå denne kanten dykkarane hoppar når det er fôringstid for fiskane.

- Når det ein sjeldan gong er sol her på Sunnmøre så skin den ned i denne tanken, det gjer at algane veks endå fortare. Då må vi vaske akvariet opptil tre gonger i veka, seier Rune Veiseth.

På andre sida

Turen går vidare til «Holmer og Skjær», eit stort ope akvarium i Atlanterhavsparken sin navle. Vegen dit er mørk, då er det greitt å ha ei sterk hand å halde i. Søstrene Julia og Anna Grinde leier pappa medan dei går bak kulissene på Atlanterhavsparken.

- No er de på utstilling, då må de smile fint, seier Rune spøkefullt. Ungane vinkar iherdig ut til dei besøkande. Så det er slik det er å vere ein akvariefisk?

Store og små balanserar dei rundt på den vesle holmen, medan nysgjerrig fisk stikk nasen opp av vatnet.

Kontorkvardagen

- No skal de få kome ein tur inn på kontoret mitt. Der har vi flott utsikt, så eg håper den tek merksemda vekk frå dei rotete pultane våre!

Flott utsikt er å seier det mildt. Frå kontorvindauget ser vi det store havet i vest, når vinden står på for fullt er det Amerika neste

- For to veker sidan fekk vi besøk av ein flokk spekkhoggarar rett utanfor kontorvindauget, det er nok eit uvanleg syn for ein kontorarbeidar, seier akvarist Rune Veiseth

Artige skapningar

På våtlabben brukar Atlanterhavsparken å ha besøk av skuleklasser og barnehagar, her kan dei skjere opp ein fisk på sløyebenken, og sjå kva som er inni. På hjartet, leveren og tarmane.

- Også har vi mange artige skapningar her, seier han og peiker på ei rekke utstoppa fiskar.

Ein blåhai ligg langstrakt på benken, den er fanga på Giske på midten av 80-talet.

- Det er ein hai som lev der det er litt varmare, så han har nok berre forvilla seg.

Under blåhaien ligg det ei utstoppa håkjerring, der berre ein baby, og langt frå så stor som den kan bli. Håkjerringa kan bli heile 6-7 meter lang. Ungane tel tennene på ein håbrann som ligg på utstilling bak dei. Dette er ikkje noko ein vil møte på når ein er ute og badar – sjansen er heldigvis liten.

- Det er faktisk haiar i våre farvatn, men ingen av dei kjem opp til badestrendene, forsikrar akvaristen gjengen rundt sløyebenken om.

Hai i frysaren

Etter ein tur inne på fôrkjøkkenet er det på med huene. Turen går vidare til frysaren - der er det 20 minusgrader. Ein håbrann ligg og ventar.

- Det er ikkje alle som trur det fins haiar i Norge, men det gjer det. Håbrannen er den næraste slektningen til kvithaien, så dette er ein skikkelig hai.

Sjølv kor skremmande den ser ut er heller ikkje denne ein fullvaksen hai. Den utstoppa håbrannen som bur i frysaren veg berre omtrent 70 kilo. Ein vaksen er tre gongar så stor.

Den kalde vinden nede på kaia kjennast ut som ein mild sommarbris etter å ha stått i frysaren i lange tider. Siste stopp på turen blir hos selane og pingvinane, dei er ikkje like skumle som beista Atlanterhavsparken har liggande i kjellaren sin.