Jau då, det har vore kaldare i juli i år enn tidlegare. Også om ein ikkje samanliknar tala med fjorårets rekordvarme.
På målestasjonen på Vigra var gjennomsnittstemperaturen for juli 12,2 grader. Normaltemperaturen er 12,5 grader.
Ifølgje TV2 har det i år vore dei lågaste julitemperaturane sidan 2004 på Vestlandet sør for Stad. I det tv-kanalen kallar Midt-Norge har det ikkje vore ein kaldare juli sidan 1996, sjølv om Brusdalsvatn i Ålesund imponerte med heile 32,1 grader 2. juli.
Hiv seg i vatnet
På Skuløy/Flemsøy var glimtet av sommar tirsdag for godt til å la gå frå seg.
Nedanfor Gunnabuda var fire jenter travelt opptatt med å bade i ettermiddag.
– Det er jo veldig gøy å bade, seier Line Flem.
– Så varmt er det sjeldan det er. Då må vi bade, seier Bente Lise Austnes Otterlei.
Utkjempar vasskrig
Jentene har bada fleire gongar i år allereie, men lar ingen sjansar til bading gå frå seg før skulestart.
– I sommar har vi spist is, plukka jordbær, bada og leika med spylerslangar, fortel Line.
– Og vi har hatt vasskrig, roper Bente Lise stolt.
– Kven er det som vinn den då?
– Eg, seier Bente Lise sjølvsikkert.
– Neeei, det er meg, protesterer Line.