Ullmattene som heng på veggen bak Birgitte Linde Røsvik og Mats Herding Solberg er ålesundsbedrifta Rom & Tonik AS sitt bidrag til å dempe støy på kontor og offentlege rom.

- Ein nyttar ikkje golvteppe meir, og gardiner blir også mindre vanleg. Dermed kan det lett bli meir støy i kontorfellesskap og offentlege rom, seier Birgitte.

Ho er utdanna industridesignar, og saman med Mats Herding Solberg har ho utvikla eit lyddempande produkt:  55 centimeter store firkanta ullmatter av filt, som ein kan hengje på veggane. Kvar einskild matte er laga av ull frå to mongolske sauer.

Ull fungerer som lyddempar, er fuktabsorberande – og trekker til seg støvet som svevar i rommet.

Gründarar

Då Sunnmørsposten fortalde om dei to gründerane i fjor, var det berre eit par veker etter lanseringa. Kva har skjedd sidan då?

- Vi er komne godt i gang med salet – til kundar både i Ålesund og Oslo. Og no er vi her på møbelmessa i Stockholm i håp om å knyte til oss fleire kontaktar, ikkje minst i Sverige og Danmark, fortel Birgitte.

Ullmattene kjem altså frå Mongolia. Det betyr også at dei to må til Mongolia. Birgitte var fire turar der i fjor, Mats to.

- Og no skal vi snart tilbake. For no skal vi førebu innføring av farge i mattene, legg Mats til.

Liten organisasjon

Han kallar seg produksjonssjef, Birgitte er dagleg leiar. Og det er heile organisasjonen.

- Resultatmessig vil vi kanskje ikkje gå pluss før om eit par år. Vårt første mål no er å kunne ta ut løn. Til no har vi fått mykje støtte frå Innovasjon Norge. Det har vore svært viktig, legg Birgitte Linde Røsvik til.

Ho seier at dei også har eit mål om å bli fleire. Men først ser dei seg om etter ein investor. For dei treng meir økonomisk slagkraft.

- Kva med namnet  Rom & Tonik?

- Det er mange som spør om eg har smakt det. Og det har eg. Det var ikkje godt, smiler Mats Herding Solberg.

LES MEIR OM MØBELMESSA I STOCKHOLM I PAPIRUTGÅVA TIL SUNNMØRSPOSTEN TORSDAG