Ifølgje Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) viser målestasjonane og snøkarta deira at det er meir snø enn normalt på store delar av Austlandet og i delar av Nordvestlandet og Trøndelag. Snøkarta viser at det i gjennomsnitt, på 500 moh, er meir enn 1 meter snø på Sør- og Austlandet.

– Ifølgje snøkarta i SeNorge må vi tilbake til 2018 for å finne ein vinter som er i nærleiken av like bra når det gjeld snømengder på Austlandet, fortel Heidi Bache Stranden i NVE

– Det blir stadfesta av snødjupnemålarane til MET. På fjellet lengst vest på Austlandet, er snømengdene tilnærma normale eller litt under, slik som på målestasjonen vår på Sognefjellet. Der er det litt mindre snø enn vanleg ifølgje snøstasjonen vår, som måler 1,5 meter snø.

Fine markaforhold

For dei som bur nær Oslo og vil ha ein kortreist skitur i påska, er det nok snø til fine skiturar i fleire av markene nord og vest for Oslo, seier Stranden. På NVEs målestasjon på Brunkollen vest for Oslo er det 86 cm snø, og vi må tilbake til 2007 for å finne like mykje snø som det det er no (målt i millimeter vatn). Målingane våre viser at det berre er i 1994, 1995 og 2007 det har vore meir snø her. Målingane starta i 1982.

Som normalt på Vestlandet og i fjellet i Trøndelag

I fjellet på Vestlandet er det omtrent slik det pleier å vere i månadsskiftet mars/april. Det har vore snø ned til havnivå, men det generelle biletet er at det er bart i ei stripe langs kysten av Rogaland og Vestland. Like fullt er det i snitt 1,3 meter snø på 500 moh i fleire av fylka på Vestlandet.

På NVEs målestasjon Myrkdalen utanfor Voss, som er kjent som ein snørik stad, er det målt 1,7 meter snø.

– Det bør vere nok snø til heile påska, slår Stranden fast.

Fers moro i nord

Snøen som kom i mars, reddar påska i nord.

– Hadde påska komme for tre- fire veker sidan, hadde det vorte ein nitrist ski-affære mange stader i dei nordlegaste fylka seier Stranden.

Dei siste vekene har det likevel komme ein god del snø, som redda skisesongen mange stader. Per i dag er det meir snø enn normalt langs kysten av Nordland og Troms, og omtrent normale snøforhold andre stader.

(faktaboks:) Sjekk snøforholda her

Du kan sjekke snøforholda dit du skal ved å gå inn på snøkarta i Senorge.no. Der finn du kart over snøforholda, data frå målestasjonar, satellittbilete og webkamerabilete. Satellittbileta frå dei siste dagane der det har vore meir eller mindre fint vêr over heile landet gir gode bilete av kvar det er snø og der det er barmark.

(©NPK)