Jordskjelvet oppstod 80 kilometer vest for Ålesund klokka 21.49 og det hadde ein styrke på 3,6, viser Norsars analysar klokka 23 torsdag kveld. Tidlegare på kvelden anslo dei ein styrke på 3,4, og at skjelvet var 15 kilometer utanfor Ålesund.

Jordskjelvvakta opplyser til NTB at dei har fått fleire førespurnader, og at folk har merka skjelvet godt på land.

– Det er stort til å vere eit jordskjelv i Noreg, seier seismolog Annie Jerkins ved Norsar.

Det europeiske jordskjelvsenteret melde om eit jordskjelv på styrke 4 som trefte 51 kilometer ut i Norskehavet frå Ulsteinvik. Jerkins opplyser at dei sit på meir presise tal lokalt.

Sunnmørsposten skriv at fleire har ringt dei og fortalt om jordskjelvet.

– Først var det eit kraftig smell, så var det risting etterpå. Det var så kraftig at vi sprang ut, men det var ingenting å sjå. Eg tenkte kanskje det var ras, sidan vi bur ved eit fjell, seier Otto Sandvik, som bur i Sandvika mellom Tjørvåg og Moltustranda.

(©NPK)