Politiet har hatt trafikkontroll på Leikongvegen i Herøy, og ein sjåfør mista førarkortet. Det blei også delt ut åtte forenkla førelegg.

Høgaste fart var 91 km/t i 60-sona.

Ruskøyring i Ålesund

I tillegg blei tre bilførarar stansa av Utrykkingspolitiet i Ålesund måndag. Alle tre er mistenkt for rusa køyring, opplyser UP.

Analyseprøvene hadde utslag på fleire ulike stoff.

Utrykkingspolitiet har også hatt fokus på sikring av barn i bil.

Usikra barn i bil

I dag tidleg hadde dei kontroll i Vikemarksvingen i Ulsteinvik.

Totalt 134 bilar blei kontrollert og resultatet var at to barn ikkje var godt nok sikra.

Dette er sjåførane sitt ansvar, og alle fekk forenkla førelegg.

Ung mann mista førarkortet

Utrykkingspolitiet hadde laserkontroll i 50-sona på rv 15, på moloen utanfor Stryn sentrum, søndag. Ein ung mann mista førarkortet.

Han vart målt til 82 km/t i 50-sona.

Det vart også skrive ut heile 25 forenkla førelegg i kontrollen, der høgste målte fart var 70 km/t.