I 2022 vart det påvist pærebrann i ni nye kommunar. Totalt er det funne pærebrann i 24 nye kommunar dei siste to åra. Det betyr at sjukdomen har spreidd seg til eit svært stort område, og det vil ikkje vere realistisk å prøve å bli kvitt sjukdomen med dei ressursane som er tilgjengelege, heiter det i ei pressemelding frå Mattilsynet.

Pærebrann er ein alvorleg plantesjukdom i eple- og pæredyrking, som er forårsaka av bakterien Erwinia amylovora. Bakterien har svært mange vertsplantar. I Noreg er det funne mest smitte på ulike mispelartar og sjukdomen er etablert i ytre kyststrøk på strekninga frå Agder til Møre og Romsdal.

I år er det funne pærebrann for første gong i desse kommunane: Sauda, Kvitsøy, Utsira, Vanylven, Hareid, Sykkylven, Risør, Grimstad, Arendal, Flekkefjord, Tvedestrand, Vennesla, Fedje, Høyanger og Stad.

Mattilsynet vil i samarbeid med næringa lage ei dispensasjonsordning med visse vilkår medan ein ventar på eit nytt plantehelseregelverk.

(©NPK)