Spørsmålet om kva by Raumabanen skulle framførast til, Ålesund eller Molde, prega politikken og valkampane i Møre og Romsdal minst like mykje som unionsoppløysinga. Sidan før 1900 hadde dette temaet vore brennheitt, og både ved stortingsvalet i 1903 og 1906 sto dei to Venstre-avisene, Sunnmørsposten og Romsdals Budstikke, steilt mot kvarandre på grunn av denne jernbanesaka. Det same gjorde venstrelaga i dei to byane. I 1903-valkampen vart jernbanesaka karakterisert som den desidert viktigaste saka. Den gongen tenkte dei knapt på at det Stortinget ein då valde skulle bryte ut av unionen. Byane var valkrinsar for seg, Kristiansund ein valkrins åleine og Molde og Ålesund var ein i lag. Landkommunane i fylket var ein valkrins.I og med at Ålesund hadde langt fleire røysteføre enn Molde, så var det Ålesund som fekk sine kandidatar valt, og det var kandidatar som ville føre jernbanen fram til Ålesund. Ved fleire val var det svært lav valdeltaking frå Molde, og ved valet i 1903 vart det oppmoda om boikott i Molde, og det møtte ikkje ein einaste veljar til urnene valdagen.