Det seier tidlegare kapellan i Spjelkavik, Ingebrigt Austnes, om at Møre bispedøme har tilsett homofile Hanne Marie Pedersen-Eriksen som sokneprest i Sandøy.

Pedersen-Eriksen skal gifte seg med den kvinnelege kjærasten sin i sommar.

– Det måtte det vel gå slik, seier Austnes, som i 2011 sa opp prestejobben sin på grunn av kyrkja sitt liberale syn på homofilt samliv.

Eigne hender

– Den norske kyrkja har ikkje makta å halde fast på si eiga lære i denne saka, og då tek folk saka i eigne hender.

Austnes viser til at lærenemnda, som skulle gje det endelege svaret på om kyrkja vil godkjenne homofilt samliv, var delt på midten: Kyrkjemøtet diskuterer om kyrkja skal ha eit vigslingsritual for samkjønna, og Bispemøtet vegrar seg for å innføre ei ny ordning.

Over natta

– Så kjem ein kandidat til eit lokalmiljø og vekkjer sympati, og over natta snur bispedømerådet og tilset vedkomande. Det heile er pinleg kaotisk, synest Austnes.

Han trur at om noko slikt hadde hendt i ein vanleg organisasjon, så kunne ein kanskje sjå på det som eit nødvendig opprør.

– Men ei kristen kyrkje byggjer sin eksistens på sanningar som ikkje menneske har funne på. Biskopen i Møre, Ingeborg Midttømme, står oppreist på kyrkja si lære i denne saka. No vert ho utsett for eit veldig press, seier den tidlegare kapellanen, og viser til at biskopen seier at ho ikkje vil ordinere Pedersen-Eriksen.

Splittar

Austnes fortel at det var eit stort offer for han å gå av som prest, men at han er glad for at han tok følgjene av det han meinte ville kome.

– Denne saka splittar heile kyrkja, og kyrkjefolket og presteskapet vert spreidd for alle vindar, seier Austnes.