Politiet meiner at dei tre brørne brukte loddeboltar kopla til tidsur for å setje fyr på hotellet.

Ifølgje Nrk Sogn og Fjordane er det slik at fleire av loddeboltane fungerte ikkje, og slik skal politiet ha sikra seg fellande bevis mot brørne.

Det var BT (krev abonnement) som først skreiv om tiltalen.

– Vi meiner at dei har brukt loddeboltar som er kopla opp mot eit tidsur, der ein har brennbart materiale i nærleiken av loddebolten. Når bolten har blitt tilført straum, har han blitt varm og tent på blant anna fyrstikker, seier statsadvokat Magne Nyborg til NRK.

Det var 25. november i fjor at hotellet brann ned til grunnen.

Politiet meiner at det tre svenske brørne forsøkte å setje fyr på hotellet fleire stader samstundes ved å bruke loddeboltar.

Ifølgje Nrk er brørne også tiltalte for omfattande økonomisk utruskap.