Tre personar i Volda sentrum vart sendt til sjukehus natt til onsdag fordi dei var overstadig rusa og måtte ha medisinsk hjelp. To av desse er studentar ved Høgskulen i Volda. Sjå også: Tre til sjukehus etter fuktig studentnatt

Ved opninga av studieåret hadde rektor Per Halse same dag gjeve studentane ei uvanleg innstendig oppmoding om å ha det kjekt men utan overdriven bruk av rus, for å unngå uheldige episodar. Få timar etter måtte altså to av studentane på sjukehus fordi dei var kanon fulle.

– Er du synsk, sidan du kom med ei uvanleg sterk oppmoding ved innleiinga til fadderveka?

– He-he. Det var nok meir at det har vore ei utvikling over år, og ikkje berre i Volda, med uheldige utslag i samband med faddervekene. Men vi skal slettes ikkje skjere alle studentar over ein kam. Og eg har opplevd at skulen har hatt ein veldig god dialog med dei som er ansvarlege for fadderveka. Dei har lagt opp til eit meir variert program enn før. Og det som eg særleg ville ha fram ved innleiing til fadderveka var at studentane må ta vare på kvarandre og sjå kvarandre, seier Halse.

Redda av politiet

Den eine guten hadde spy som sette seg fast i halsen. Det var politiet som gav han frie luftvegar, ifølgje operasjonsleiar Johan Arnt Overøye i Sunnmøre politidistrikt. Rektoren er redd for at det ein gong kan gå gale.

– Eg tenkjer på omsynet til studentane, at dei ikkje kjem i farlege situasjonar. Og for skulen kan jo dette også lett gå ut over omdømet, seier rektor Halse.

– No er det fire dagar att av fadderveka, vil de gjere noko for å unngå at liknande episodar skjer igjen?

– Skulen vil framleis ha ein god dialog med dei ansvarlege om korleis vi kan vere med og støtte for å unngå slike episodar, seier rektoren, som understrekar at han ikkje har fått melding om andre negative episodar under første natt av fadderveka.

Følg smp.no på Facebook

Arkiv. Rektor Per Halse ved Høgskulen i Volda med studentar i bakgrunnen utanfor Berte Kanutte-bygget. Foto: Knut Arne Aarset