To bilar har kollidert ved Mosmarka i Ørsta tysdag ettermiddag.

- Fire personar er involvert. Alder, kjønn og skadeomfang er foreløpig ukjend, opplyste operasjonsleiar Tor Andre Gram Franck i Sunnmøre politidistrikt i 15.20-tida.

Like før klokka 16 opplyser han at fire personar er køyrd til Volda sjukehus.

- Vi har enno ikkje avklara skadeomfanget, men ingen opplysningar til no kan tyde på at dei er alvorleg skadde, opplyser Gram Franck.

I ei oppdatering frå Sunnmøre politidistrikt like før klokka 18 vert det stadfesta at dei som vart køyrd til sjukehus er tre menn i 20- og 30-åra og ein mann i 60-åra. Alle heimehøyrande i Ørsta og Volda.

- Det er for tidleg å seie noko om årsak og årsakstilhøve, seier operasjonsleiar Tor Andre Gram Franck i Sunnmøre politidistrikt i 17.45-tida.

Politiet vil etterforske ulukka.

Politiet fekk melding om ulukka klokka 15.22. Brannvesen, helsepersonell og politi var då på veg til staden.

Har du tips eller bilete i saka? Tips oss på 95 400 400!