Tysdag sende yr.no ut OBS-varsel for ei rekke fylke langs kysten, og tysdag kveld blas det kraftig langs kysten.

Frå tysdag ettermiddag var det varsla auking til sørleg full storm på kysten av Sogn og Fjordane, og sterk storm rundt Stad. I Møre og Romsdal var det varsla liten storm i fjellet, og liten til full storm på kysten av Søre Sunnmøre.  Det erventa lokale vindkast på 25-30 m/s.

Vinden er venta å minke onsdag formiddag.

Onsdag ventast det vanskelege køyreforhold i fjellet på grunn av snø og snøfokk.

Problemer på Måløy

Det var særleg i Vågsøy at ein fekk utfordringar under stormen tysdag. Måløybrua var i periodar stengd, og ferja mellom Måløy og Oldeide var innstilt. Takka vere redningsskøyta, kom pendlarar seg likevel heim frå Måløy.

Også hurtigbåten frå Bergen til Nordfjord vart innstilt, det same var kystvegekspressen mellom Måløy og Florø.

Vêrfaste skuleelevar

Tysdag ettermiddag vart Måløybrua stengd, og brua har vore stengd i periodar utover kvelden.

Dermed vart rundt 75 skuleelevar ved Vågsøy ungdomsskule vêrfaste på skulen. Det var NRK som melde om dette først.

– Ein del elevar ordna seg sjølve, men vi hadde rundt 75 som ikkje kom seg heim og måtte bli igjen på skulen, fortel rektor Kåre Bakke.

Vêrfaste Elevane ved Vågsøy ungdomsskule ordna seg med film og mat, men slapp til slutt å overnatte ved skulen Foto: Kåre Bakke

Elevar og lærarar ordna seg i klasseromma med mat, film og spel, og forberedte seg på å overnatte. Men det slapp dei heldigvis:

– Kvart over fem var den siste eleven borte. Då letta det litt, fortel rektor.

Postskur på Ørskogfjellet

Klokka 17.45 melde politiet om sterk kastevind i Ålesund sentrum. Politiet oppfordra folk til å sikre hagemøblar og inventar.

Vegtrafikksentralen har tysdag kveld fått få meldingar om problem på Sunnmøre.

– Det var eit postskur som låg og sperra vegen på Ørskogfjellet. Det er fjerna, og elles har det ikkje vore noko, seier vakthavande ved Statens vegvesen tysdag kveld.

På fylkesveg 61 mellom Larsnes og Årvik hadde ein buss køyrd seg fast. Bussen låg og sperra deler av vegen. Klokka 20.26 melder politiet at vegen er opna.

Husstandar i Hovdebygda-Ryste i Ørsta og Straumsand-Dale i Volda mista straumen tysdag kveld.

– Pass på båtane

Operativ leiar for Redningsskøyta, Johan Skylstad, ba tysdag ettermiddag båteigarar i distriktet om å dobbeltsjekke fortøying då det er meldt ein del vind og høg vasstand.

– Til natta er det meldt opp i sørvest liten storm og vasstand omlag ein halv meter høgare enn normalt, opplyser Skylstad.

Mandag morgen derimot ble det målt sommertemperaturer i Møre og Romsdal.

Stormarkivet: Oversikt over stormane. Vêrrekordar. Ord og uttrykk. Beauforts vindskala.

Sjekk vegmeldingar og siste nytt om flytrafikken herklokka 17.4